Meld interesse

Dreng koplar saman bonden og avløysaren

Luftfoto av Jølster frå 1961
Flyfoto av Jølster frå 1961. Henta frå Nasjonalbiblioteket.

Bønder, og spesielt mjølkebønder, arbeider hardt for føda. Om ein vil ha eller treng fri er det ofte vanskeleg, og mange arbeider i lange periodar utan ferie. Samtidig betalar Landbruksdirektoratet ut meir enn ein milliard kroner i året i avløysartilskot, og det er mange som ønskjer å arbeide som avløysar.

Problemet er at bonden og avløysaren i mange tilfelle ikkje veit om kvarandre.

Dette ønskjer vi i Dreng å gjere noko med. Vi består av Amalie og Sunniva, to systre som kjem frå ein mjølkegard i Jølster. Vi har òg fått Erik med på laget. Han kjem frå Bergen, men er grei likevel og er flink med data

Vi er framleis i ein tidleg fase og er alltid på utkikk etter tidlege testbrukarar. Om du er bonde eller avløysar, eller vil bli det, så følg gjerne nyheitsbrevet vårt eller send oss ein e-post.